
Empty Bottles er ei gruppe med sju musikarar som spelar country & western
av den gamle skulen, med hovudvekt på honky tonk. Bandet byrja i 2005 og
har spelt på ei rekke uteplassar i Bergen, blant anna to år på
eindagsfestivalen Ja, vi elskar Norwegian country på Logen. Det siste året
har dei spelt fleire gonger i Oslo og i Stavanger, blandt anna på
øya-festivalen, i tillegg til mange populære konsertar i heimbyen, Bergen,
der dei blant anna var oppvarmingsorkester for Pete Molinari på Hulen og
spelte på dugnadsfestivalen etter skuteviksbrannen. I desember 2008 gav
EBBH ut EPen Stone Cold Mountain. Etter eit hendingsrikt år vart EBBH
nominert til Natt&Dags Bergenspris for Årets nykommar i februar 2009. EBBH
spelar eigne låtar som høyrest meir ut som om dei vart snikra på
femtitalet enn på totusentalet, ispedd nokre få coverlåtar av
inspirasjonskjelder som Hank Thompson, Louvin Brothers og Dixie Chicks.


















