11.-15. Juli 2012

Dawn Sears

dawn_web

Dawn Sears er nok mest kjent for sitt arbeid med legendariske Vince Gill, ho har ein lang historie bak seg som korsangar for denne anerkjente countrysangaren. Men går vi tilbake til starten på musikkkarrieren hennar, var det som soloartist det byrja.
Allereie som 11 åring starta ho å spele gitar, og var med i sin første talent konkurranse som 14 åring. Der gjekk ho av med sigeren, og fleire slike opptreden vart det i åra som gjekk. Ho fortsette vidare med å spele på ein lokal klubb i Minnesota, og vart der til ho nærma seg 18 år. Då følte ho at det var på tide å prøve seg ut i den store verden, og fikk etterkvart spelejobbar på vegen. Ho hamna etterkvart i Nashville, då ho under ein konsert i Las vegas trefte Kenny Sears som òg er artist og som etterkvart vart mannen hennar, var frå denne byen.
Fast innslag i morgon showet TNN’s Nashville Now på TV var det første og største gjennombrotet for Dawn Sears. I 1991 gav ho ut sitt første album, What a Woman Wants to Hear på Warner Bros. Records. Det var etter eit par suksessfulle singlar frå denne plata ein heller lav interesse, og ho vurderte å forlate countryscena. Etter ein telefon frå Vince Gill vart ho etterkvart eit fast medlem av gruppa hans, som ho turnerte med i fleire år. Ho var òg i duett både med Vince Gill og Tracy Bird i denne perioden. I 1994 gav ho ut sitt andre album på nytt selskap, Nothin’ But Good. Første singelen frå albumet, Runaway Train, vart ein hit som gjekk inn på hitlistene.
Hennar siste solo album kom ut i 2002, Dawn Sears. Dette er eit album som er given ut på eit lite selskap, og med ein større innflytelse frå Sears sjølv som resultatet. Der fikk ho uttrykt musikken slik ho ynskja, utan at nokon hadde innvendingar mot det som vart gjort. Det resulterte i ein svært personleg og varm plate. I dag jobbar Dawn Sears med mange ulike ting, i tillegg til å være artist har ho ein eigen hudklinikk i Nashville. Det er ikkje eintydig med at musikkkarrieren er på veg nedover, tvert i mot. Ho arbeider stadig med nye musikk prosjekt, og ho får gjere det på sin måte. Den ekte countrymusikk får leve vidare, og ho glir ikkje inn i den kommersielle delen av industrien slik mange har gjort. Ho arbeider òg framleis med Vince Gill i ulike prosjekt.
Det er første gong Dawn Sears er i Noreg, og med ein oldefar som kjem frå nettopp Noreg, har ho nok ein ekstra varme kjensle for å kunne stå på Norsk Country Treff si scene.

Last ned musikk herDawn Sears

Comments are closed.