
Audie Blaylock & Redline entrar scena på Kolbeins Saloon med sitt nye album med same namn. Dei imponerer stadig publikumet sitt med sine energiske opptrednar under framføring av tradisjonell bluegrass, slik vi kjenner den frå den sjanger sine første dagar. Blaylock har med seg Redline, som er ei gruppe med eksepsjonelle musikare og sangare. Jason Johnson på mandolin og vokal, Matthew Wallace på bass og vokal, Evan Ward på banjo og vokal og Patric McAvinue på fele.
Blaylock & Redline har hatt æra av å vore nominert til International
Bluegrass Music Association`s Emerging Artist of The Year award i 2005 og
2006. Audie Blaylock er omtalt som ein av dei mest talentfulle menneska
innan bluegrass sjangeren i dag. Han beherskar gitaren og vokal på ein
ypparleg måte, og er det nye prosjekt med Blaylock involvert er det
bluegrassmusikken på sitt beste som blir resultatet.
Sidan Blaylock starta sin karriere som 19 åring ,og spelte i lag med Jimmy
Martin & The Sunny Mountain Boys, har han vore nominert innanfor ein rekke
prisutdelingar. Som t.d. IBMA Entertainer of the Year award som medlem av
Rhonda Vincent & The Rage; 2007 IBMA Instrumental Group of the Year Award
med Michael Cleveland and Flamekeeper featuring Audie Blaylock; ein
Grammy® nominasjon for Best Bluegrass Album og ein IBMA nominasjon for
Recorded Event of the Year med albumet A Tribute to Jimmy Martin: The King
of Bluegrass.
Sidan den første soloutgjevinga til Blaylock, har han vore kjent for å lage hard-drivin tradisjonell bluegrass musikk Og ting har ikkje endra seg med åra. Det er framleis høgt tempo, instrumentale godbitar og ein eineståande vokal som kjenneteiknar denne gruppa.
Du finn meir informasjon på Audie Blaylock si heimeside her






















