
Abalone Dots fekk ein fantastisk respons for debutalbumet From a Safe distance som kom i 2007. I etterkant av platesleppet la jentene ut på ein riksdekkande turne som oppvarmingsband for Lars Winnerback. Det fantastiske året vart krona med Grammisnominasjon, som er Sverige sitt svar på Spelmannsprisen. I løpet av første året hadde dei allereie bygd seg opp ein tilhengerskare i USA. Og når andre plate skulle spelast inn våren 2008 i Nashville, countrymusikken sin heimby, var det ikkje problemer å finne annerkjente og profesjonelle musikare til innspelinga. Legendariske Al Perkins og stjerneprodusenten David Z var blant dei som var med på laget. I juli månad 2008 vart oppfølger, Traveler, sluppet på det svenske marked. Og det tok ikkje lange stunda før dei igjen hausta gode kritikkar. Når jentene i Abalone Dots var i Nashville for innspelling av plate nr 2, fekk dei òg vist seg fram live. Og det viste seg hausten 08 at har gjort inntrykk på det amerikanske folket. Det resulterte nemlig i ei avtale med eit av USAs største managment Red Light/Madison house, som m.a. har Alanis Morisette, Chris Cornell, Dave Mathews Band og Ben Harper i stallen sin. Dette er svært unikt, då få svenske artistar har lukkast i å få kontrakt med eit større amerikansk managment. Før årskifte 08/09 vart dei igjen Grammisnominert, og januar 09 kunne dei på Hovet i Stockholm ta i mot Grammis pris for årets Folkemusikk/vise. Abalone Dots har sidan første utgiving i 2007 hatt ein enorm framgang, og tilhengerskaren veks dagleg. Dei har på turnelista si ei rekke jobbar i USA, og vil nok i løpet av kort tid gjere seg annerkjente på verdsplan. Det er difor ei stor ære å kunne presentere desse jentene på Norsk Country Treff 2009.
Du finn meir informasjon på Abalone Dots si heimeside her















