11.-15. Juli 2012

Bakersfield

Eit av orkestera som opptrer på Kolbeins Saloon i år er Bakersfield, som har sin base i Sarpsborg. Namnet er treffande og sett i høve til den musikkstilen som bandet likar aller best. Dette er Bakersfields sound i god Buck Owens ånd. Bandet satsar tungt på den orginale country- og westernmusikken som mellom andre Merle Haggard, George Jones og Waylon Jennings kom med på 60- og 70- talet. Men òg Randy Travis og Allan Jackson står i følgje bandets leiar, Odd Lauritzen, på reportoaret.

I følgje ein uttalelse av Lauritzen til Sarpsborg Arbeiderblad, har Steelgitarist Steinar Schrøder tilført gruppa ein ny sound, som står endå tydlegare i countrytradisjonen enn det dei fekk til med den gamle gjengen. Og det er tydeleg at det er ein sound som publikum likar. Bakersfield har hatt konsertar på alle dei store country festivalane i Noreg. Seljord, Sjåk, Vinstra og Breim har alle hatt besøk av desse karane frå Sarpsborg. Odd Lauritzen (song og gitar) og Luis Bergli (trommer) er botnen i bandet, og har vore med frå starten. Nyare medlemmer er Hans Petter Jar( sologitar), Terje Schrøder (gitar), og som før nemnt Steinar Schrøder (steelgitar).

 

Bakersfield si nettside finn du her

Comments are closed.